Uskedalen.no har gjennom sommaren fått jamnelege meldingar frå lesarar om at dei opplever kyr litt oppe i Pålavegen som ubehagelege og trugande. Kyrne held seg ofte i området frå første svingen og litt oppover. Dette fører til at mange snur på turen, eller unngår å gå tur der. ” Er det kyr der no? Då går i alle fall ikkje eg der!” er og eit spørsmål som dei som går tur der ofte får. Det er forståeleg når vi veit at kyr kan bli aggressive og forårsaka skade og det som verre er på folk, sjølv om kyrne i Pålavegen sikkert er fredsæle nok.
Vi har tidlegare venta med å skriva om det då det har verka som om dyra har blitt henta tilbake etter kort tid. Dei er likevel snart tilbake i vegen att, og siste tida har det vore dagelege observasjonar.
Dyra høyrer nok til på eit nabobeite, og turfolka hadde nok blitt glade om den/dei som har ansvar for gjerdet, tok seg ein tur og reparerte det.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Lesar