Den siste veka har det auka på med meldingar frå turfolk om at dei opplever nokre svarte kyr litt oppe i Pålavegen som skremande. Slike meldingar har vi også fått i periodar tidlegare, men siste veka har problemet tydelegvis auka. Berre i dag har vi fått melding om fleire som har snudd og har avbrote turen sin, medan andre har komme seg forbi, men med “hjarta i halsen”. Blant dei som er uttrygge i møte med dyra, er også personar som har vakse opp på gard med kyr. Dei opplever dyra som truande. Dei er også usikre på om nokre av dei kan ha kalv inni skogen. Også personar i bil opplever problem. Dei kan måtta venta svært lenge før vegen blir klar til å kjøra vidare.
Ingen av dei veit sikkert kven som eig dyra, og derfor tar dei saka gjennom uskedalen.no slik at eigaren kan bli kjend med problemet. Truleg kan dei ha brote seg ut frå ei inngjerding. Det blir nemleg fortalt at det i alle fall er ein stut blant dyra, og det er ikkje lov etter det som forkorta blir kalla hanndyrlova.

Hanndyrlova § 3 som omhandlar oksar, lyder som følgjer:

Det er forbode å la oksar som er eldre enn 6 månader gå på beite,
a. i sambeiteområde i utnmark eller innmark.
b. saman med kyr som andre eig, i anna beiteområde eller
c. der tilhøva er slik at dei lett kan koma saman med kyr som andre eig.

Forboda gjeld ikkje beite på særskilt område der oksar blir haldne for seg, såframt området er forsvarleg inngjerda eller dyra er under forsvarleg tilsyn.

Ut frå dette reknar vi med at eigaren tar seg av å få dyra på inngjerda beite når han blir kjend med kor dyra oppheld seg. Då vil også problemet vera løyst for turfolket og. Vi oppfordrar også lesarar som veit kven som eig dyra, om å seia frå til vedkommande.
Fleire understrekar at problemet ikkje gjeld kvigene som går på det nedste området. Ingen har meldt frå at dei opplever seg utrygge i nærleiken av dei.

Det er opplagt at det er viktig at ein er forsiktig i omgang med ukjende kyr. Skremande tilfelle om alvorlege skadar som med jamne mellomrom skjer på folk, fortel det tydeleg.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Ein turgåar