Nr. 22 av Kvinnhesminne er klar for distribusjon og sal. Medlemene i Kvinnherad Sogelag får hefte levert på døra. Hovudtema er Utvandring med ein lengre artikkel skriven av Torkel Stensletten frå Uskedalen. Artikkelen med tittelen Nokre særmerke i utvandringa frå Kvinnherad har mellom anna med bilete og skildring av utvandringa frå bruk 14 på Myklebust.

Torkel Stensletten har skrive hovudartikkelen i Kvinnherasminne nr. 22.

Frode Sæbø har skrive to artiklar i årets sogeskrift, om Kroseen på Larstø og På brislingfiske med Røysaskøyto. Frode er frå Sæbøvik, bur i dag i Uskedalen.

I samtale med Steinar Kroka skriv Audun Eik om det å veksa opp på Kroka, ein veglaus gard i Mauranger. Steinar fortel godt og han er innom mange tema, slik som stølsliv, kraftutbygging, handel, veg, telefon, skule og mangt anna frå dagleglivet på Kroka.

Steinar Kroka fortel om det å veksa opp på ein veglaus gard i Mauranger.

Nokre kortare artiklar tek fram sumt frå krigen. Noko av det er nytt stoff for mange. Dette gjeld mellom anna ordførar Traavik sin rapport til innanriksdepartementet frå krigshendingane i Uskedalen aprildagane 1940. Bonde Amund T. Myklebust er kjelde.

Lars Jostein Rørvik har vore skriftstyrar i seks år. No takkar han for seg. Nye krefter må føra arbeidet vidare.

Kvinnherasminne XXII er på vel 100 sider. Formgjevar er Åslaug Snilstveit i Salikat. Trykk: LOS digital.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Faksimile framsida/ arkivfoto