Kvinnhersminne med tittelen Folk, ferdsle og verksemd er i handelen. Medlemer i Sogelaget får hefte på døra. Det var Husnes mållag som gav ut det fyrste hefte i 1982 og sidan har det kome 20 årbøker. Kvinnherad Sogelag vart skipa i 1984 og har sidan vore utgjevar. Styret er skriftstyre. Lars Jostein Rørvik er skriftstyrar. Av 23 artiklar i årboka 2021 finn vi fire artiklar frå eller med relasjon til Uskedalen. Mellom anna har Harald Sætre skrive artikkelen Rutebåten og livet på kaien.

Harald Sætre har skrive artikkelen Rutebåten og livet på kaien.

Artikkelen Farlege fjell i Kvinnherad er henta frå Astor Furseth si landsdekkande registrering av skredulukker. Den fyrste kjende skredulukka i Kvinnherad med tap av menneskeliv gjekk i Englafjell, aust for Uskedalen. Halvar Jensen Øvre Fedt omkom i eit snøskred i mars 1772. Den største ulukka kom 22. januar 1845. Det var på Kjærland der fire liv gjekk tapt.

Hans Reidar Kjærland har skrive ein interesann artikkel om SS Arcadian, eit turistskip som ofte var å sjå i Sundal før 1. verdskrigen. Kjærland syner med dette at han kan meir enn å vera ein dyktig bonde. Skipet gjekk til opphogging i 1933, men skipsnamnet held fram. I artikkelen får vi vita at den siste Arcadian i P&O linja, bygd i 2004, er venta på fjordcruise til Noreg i 2022. Livbåtane er bygde på Ølve for snart 20 år sidan.

Leif Kjærland syner fram Uskedal Trøsjelag sitt trøskjeverk, som no er plassert i ei løe på Døssland.

Audun Eik har intervjua Trygve Haugland om korndyrking og tresking. Uskedal Trøskjelag sitt trøskjeverk er teken vare på. Etter aktiv bruk stod det lenge i løa til Leif Kjærland før det vart flytta til Bygdetunet Rød. No er trøskjeverket lagra i løa til Bjarte Døssland på Døssland.

Den mest omfattande artikkelen Rutebåten og livet på kaien er ikkje uventa skriven av Harald Sætre. Sætre har store kunnskapar og skriv godt om rutebåtane, båtstopp og kaien som den mest sentrale møteplassen i bygda. Mykje av innhaldet i artikkelen handlar om Uskedalen.

Kvaliteten på trykk, innbinding og bilete i årboka har vorte betre med åra. Formgjeving: Salikat design. Trykk: Renessanse Media. Namna på bidragsytarane har ei noko anonym plassering. Det mest vanlege er at forfattarane er med på innhaldslista saman med tittelen. Ein kortfatta forfattarbiografi bak i hefte hadde også vore nyttig.

Tekst/nett: Kristian Brignedal
Foto: Henta frå Kvinnhersminne - årsbok XX/ Arkivfoto