I innspurten før ferien på Kvinnherad Vekstbedrift vart det klargjort for levering av 10 stk. rasteplassbenker til Haugesund bykommune. Benkene vart lasta opp fredag i førre veke og transporten til Haugesund er i dag. Det er arbeidsgruppa Trevare som har produsert benkene. Knut Inge Eidsvik er arbeidsleiar for gruppa. Design og utforming av benkene er lokalt forankra.

Rasteplassbekene er tinga av parketaten. Vegard Forberg er avdelingsleiar park i Haugesund. Marianne Pile frå Uskedalen, bur i Sveio, er gartner og har arbeidet sitt i denne etaten. Ho er kjend med leveransen frå Uskedalen, men kan ikkje sei nøyaktig kor benkene vert utplassert i byen.

10. stk rasteplassbenker er klar for levering til Haugesund by i dag.

Kvinnherad Vekstbedrift har flytta sin avdeling Trevare til Beinavikjo. Det gjeld mellom anna produksjon av jordbærpyramide, blomekassar og varmepumpehus, i tillegg til utebenkene.

Kvinnherad Vekstbedrift har eigne skilt med logo på alle sine produkt.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal