Sidan oppstarten i 2003 har Kvinnherad Breiband bygd ut infrastrukturen for breiband, slik at den i dag er tilgjengeleg for 99 prosent av innbyggjarane i Kvinnherad. No er det kun eit område som manglar fiber, og det er Snilstveitøy. Tysdag 21. juni feirar Kvinnherad Breiband ein ny milepåle for selskapet, nemleg å passera 5000 kundar. Hausten 2017 var det markering av 4000 kundar, og med ein kundevekst på ca. 200 per år har selskapet no auka med ytterlegare 1000 nye kundar på vel 4 år.


Kvinnherad Vekstbedrift AS har som kjend utvida verksemda si betydeleg
det siste året og vart med dette også tilfeldigvis Kvinnherad Breiband sin
kunde nr 5000 i januar 2022. Grunna strenge koronatiltak i vinter beslutta selskapet saman med administrasjonen i Kvinnherad Vekst bedrift å utsetja markeringa.


Selskapet ynskjer å markera dette med ei uformell feiring i kunden sit eige lokale i kantina, Myro 2 Uskedalen. Alle som jobbar i Kvinnherad Vekstbedrift (Uskedalen) er invitert til felles feiring i lunsjen sin, 21.juni kl. 12-12:30. Der blir kake, kaffi og ballongar.

Tekst/foto: Pressemelding
Nett:Kristian Bringedal