I slutten av januar månad 2022 skal alt vera klart for flytting av Kvinnherad Vekstbedrift sitt vaskeri frå noverande bygg til topp moderne og renovert lokale i det som var Byggeriet på Brekketoppen. Det er ei omfattande ombygging, oppgradering og klargjering med nye maskinar og utstyr. Berre dei nyinnkjøpte vaskemaskinane har ein kostnad på 7 – 8 millionar kroner. Maskinane, brukt i dag, vert flytta inn i nye lokale.

Tor Vidar Sæle saman med dagleg leiar i Hagemeisteren Resett Bygg AS.

Tor Vidar Sæle, dagleg leiar Kvinnherad vekstbedrift, syner oss rundt i eit ope og nyrenovert lokale på om lag 500 rutemeter. I tillegg kjem eit lite tilbygg som er teknisk rom. Alt vi kjenner som Byggeriet, vert produksjonslokale. Det som ei tid var lokale for Posten, vert personalavdeling.

Produksjonslokale vert delt i to lukka avdelingar. Alt tøyet kjem inn og vert vaska i tre store maskinar, kjem ut på andre sida og går gjennom ei produksjonsline frå vått, reint tøy til rulle, turking og bretting. Tøyvognene går gjennom ein vasketunnel og vert reingjort for neste bruk. Det er eigen doseringsmaskin som er programmert for kor mykje og kva slag såpe som vert brukt. Alle vaskemidlar er miljøvenlege og går ut i vanleg avløp.

Det er laga nytt teknisk bygg på baksida. BKK legg opp ny høgspentkabel, ny trafo. og ny nettstasjon.

Det nye vaskeriet vil gje arbeid til 10 personar på arbeidstrening. I tillegg kjem nokre på AFT ordninga. Det vil vera tre faste stillingar på bygget.

Hagemeisteren Resett Bygg AS har snikkararbeidet. Det gjeld alt frå riving, demontering, gipsing og arbeid inne til ferdig malte flater. Kvinnherad elektro har alt el-arbeid. Husnes røyr er på røyr og VA. BKK legg opp til ny høgspent, ny trafo og ny nettstasjon. Byggservice er leigd inn på utearbeid. Musland Maskin har også vore med på arbeidet.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal