Kvinnherad Vekstbedrift er ISO 9001 sertifisert for leveranse av arbeids- og inkluderingstenester til det offentleg. Sertifiseringa gjeld også sal av varer og tenester til det offentlege og private markedet innan vaskeri, tre-/ jern og betongvarer, frisør, bruktbutikk, kafe, catering, kantine, jobbfrukt, hagearbeid, vedproduksjon og drift av målarbutikk. Frå før er Kvinnherad Vekstbedrift sertifisert innan bransjen vaskeri. ISO er ei overordna sertifisering som dekkar alle område og som omfattar både produksjonen og menneske i organisasjonen.

Det ligg eit års arbeid bak med søknad og dokumnetasjon. Sertifiseringa gjeld for tre år. Etter det må godkjenninga fornyast. Byrået bak ISO kjem til verksemda ein gong i året og etterspør om drifta og kvalitetssystemet er i samsvar med sertifiseringa. Mykje går på HMS og det er viktig å vera i forbetring heile tida.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal