Kvinnherad Sogelag brukar møterommet på Stemneplassen som ein base for arbeidet med skanning og registrering av foto. Sogelaget har samarbeid med Vestland Fylkesarkiv om fotovern. Onsdag i komande veke vil fotogruppa i Kvinnherad sogelag ha eit arbeidsmøte med fylkesarkivet v/ fotograf Eirik Yung. Han vil fortelja bevaring og arkivering av gamle bilder. Fylkesarkivet har forventningar til samarbeidet dei nå omtalar som eit pilotprosjekt.

Prosjektet får merksemd i arkiv miljøet, ikkje berre i Vestland, men også utanfor fylkesgrensa. Utstyret skal nå væra ferdig uttesta og satt opp slik arkivet ynskjer det. Nå er det berre å komma igang. Han vil også gje starthjelp med skanning, og det er høve til å komma med spørsmål og få fagleg rettleiing og opplæring i bruk av skanner.

Vestland Fylkesarkiv vil framover bruke resursar på dette prosjektet som nå har prioritet hos dei, og tar turen for å gje oss litt drahjelp. Fotogruppa er åpen for alle i laget med interesse for bilder, og me blir gjerne fleire. Ta gjerne kontakt med Frode Sæbø om du ynskjer å være med i fotogruppa.

Tekst: Frode Sæbø - Utdrag frå FB Kvinnherad Sogelag
Foto: Arkivfoto
Nett: Kristian Bringedal