Kvinnherad Sogelag går i front i eit pilotprosjekt om skanning og digitalisering av foto.
Kvinnherad Sogelag med arkiv og møteplass i Uskedalen går i front og syner veg for andre sogelag i landet. Det handlar om skanning og digitalisering av eldre foto. Prosjektet vert gjennomført i samarbeid med Fylkesarkivet i Vestland. Onsdag i denne veka var det samling i møterommet på Stemneplassen for medlemer og andre med interesse for fotovern. Fotografen Eirik Yung frå Fylkesarkivet på Leikanger kom til Uskedalen og møtte ei kunnskapsrik gruppe. Dei 13 frammøtte er ei ressursgruppe. Mange har i kvar sine bygder og organisasjonar lagt ned eit stort arbeid med innsamling og registrering av foto.
Fylkesarkivet har 30 års erfaring med fotovern. Det som særkjenner pilotprosjektet er at:
- Frivillige skannar bilete og Fylket tek ansvaret for arkivløysinga.
- Fylkesarkivet står for ei sikker lagring og tilgang.
Med støtte frå SpareBank 1 stiftinga Kvinnherad er det kjøpt inn naudsynt utstyr, mellom anna to skannarar. Den eine er plassert på Stemneplassen i Uskedalen, den andre i Bergslagen på Sunde.
Styreleiar i Kvinnherad Sogelag er Frode Sæbø fortel til uskedalen.no at no er utstyret på plass og skanninga kan ta til. Han oppmodar alle, som har foto av allmenn og kulturhistorisk interesse, om å ta kontakt.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Kvinnheringen - Jonn Karl Sætre