Kvinnherad Sogelag - bokslepp Kvinnhersminne XXI
Tysdag 14. november arrangerer Kvinnherad Sogelag bokslepp for den 21. utgåva av Kvinnhersminne. Gjennom førti år har desse bøkene dokumentert den lokale historia i kommunen vår gjennom nærare 500 artiklar. Dei fleste utgåvene er utselde, men det er sogelaget sitt mål å få digitalisert dei, slik at dei blir tilgjengelege for eit breitt publikum.
Årets utgåve , med tittelen «Modige kvinner – Kultur og verksemd langs fjorden», tek føre seg emne som spenner frå det eldste naustet i kommunen til då rocken kom til Kvinnherad på 1960-talet. Kvinnene sinn innsats i samfunnet er eit underkommunisert tema i lokale skrifter. Me prøver å bøta
litt på dette i denne boka, og har som mål å koma attende i seinare utgåver.
Nausttradisjonen, særleg på Ølve og Hatlestrand, men også i Mauranger og på Sunde, har fått brei omtale i boka.
Nærara omtale av innhaldet i boka blir presentert på boksleppet i Gamleskulen i Uskedalen tysdag 14. november kl.17.00. Her vil «Veteranbandet» i Uskedal musikklag underhalda, og det blir høve for dei som ønskjer det, å snakka litt om bidraga sine.
Tekst/foto: Presseomtale Nett: Kristian Bringedal