Kvinnherad Sogelag med Audun Eik frå Uskedalen som styreleiar hadde i går sitt 40. årsmøte. I det flotte veret med ei sjeldan finne ramme i Guddal møtte heile 70 menneske fram til markeringa. Audun Eik tok attval som leiar. Med seg i styret har han: Lars Jostein Røyrvik, Frode Sæbø, Borgny Særsten, Margunn Malmanger, Rita Martens Meyer og Egil Vaage. Varamedlemer er Astrid Haugse, Cort Holtermann og Knut Jan Kaldesttad ( ny ). Sjå bilete.

Kvinnherad Sogelag sine årsmøte samlar alltid mykje folk frå heile kommunen.

Arbeidsoppgåver i 2022 har mellom anna vore:

  • Ei fotogruppe er klar for å samla inn , registrera og digitalisera foto, i samarbeid med Fylkesarkivet på Leikanger.
  • Ei gruppe har arbeiddd med å retta stadnamn på offisielle kart.
  • Skriftstyret førebur nytt Kvinnherasminne hausten 2023.
  • Sogelaget har engasjert seg i arbeidet i Bjarne Hauge sitt arbeid med retting og oppdatering av kommunale bygdebøker i Kvinnherad.
  • Sogelaget har hatt utsendingar på årsmøte i Hordaland Sogelag, Hardanger 16. og 17. oktober.
Eit av dei kulturelle innslaga på årsmøte var konsert v/ Uskedal Musikklag.

På årsmøte på låven til G. Guddal var det musikk- og songinnslag av Uskedal Musikklag, informasjon om tunet i Guddal som er tildelt Olavsrosa v/ Johannes Guddal. Tidlegare kommunalsjef, Kjell Odd Nygård, hadde eit interessant føredrag om kongsgarden på Avaldsnes, Harald Håfagre og skipsfunn som tyder på at det er ein klar samanheng mellom Gogstadskipet ( Vestfold ) og skipsbygging frå Vikingtida i Hordaland. Bjarne Hauge var på møte og informerte om sitt arbeid med nye bygdebøker.

Kvinnherad Sogelag brukar Stemneplassen i Uskedalen til styre- og temamøte.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal