Kvinnherad Senioruniversitet kan syna til høg aktivitet, mange medlemer og eit godt frammøte på førelesingane. I styret finn vi Svein Rimestad og Kristian Bringedal frå Uskedalen. Steinar Haugan frå Valen held fram som leiar. Med seg elles i styret har han Berit Tveit Sjo og Anita Bjønnes. Varamedlemer: Marita Handegard, Mona Økland og Terje Fonneland ( Sjå bilete ).

Frammøte på Kvinnherad Senioruniversitet sine møte hadde i 2023 eit snittal på 93 personar.

Senioruniversitetet hadde i 2023 137 medlemer. Det har vore 10 opne møte medrekna tur til Salmon Eye og tur og konsert i Grieghallen, Bergen. Frammøte har eit snittal på 93 personar, noko som må reknast som svært høgt. Det er mat på alle møta og styret mottek gode tilbakemeldingar på val av tema og førelesarar. Frammøteplassen vekslar mellom Kulturhuset Husnes og Rosendal samfunnshus. Styremøta er lagt til Stemneplassen i Uskedalen.

Neste møte er torsdag 14. mars kl. 11.00. NRK veteranen Magnus Takvam fortel om mor si, diktaren Marie Takvam.

Dersom du ynskjer å vera medlem, er årspengane kr. 300,-. Inngangspengane på møta er: Medlemer: kr. 100,-. Ikkje medlemer: kr. 200,-.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal