Kvil i fred – Små og store soger frå kyrkjegardane i Kvinnherad er tredje og siste band i serien som presenterer små og store soger frå kyrkjegardane i Kvinnherad. Forfattar er Morten Nygård. Denne boka omhandlar kyrkjegardane som ikkje lenger er synlege, men som like fullt utgjer ein viktig og svært spennande del av historia vår. Det er også fleire kapittel om gravplassar som ikkje er dokumenterte, og som mogleg berre er segn. Uskedalen er omhandla i band 1. Det er også artikkelen om Ei sjømannsgrav på Curacao.

På innhaldslista står kyrkjene på Halsnøy kloster, kyrkja på Skåla, Gaut Jonsson sitt kapell på Mel, kapellet i Guddal, dei moglege kyrkjene og kapella i Sunndal, på Seim, i Omvikdalen og på Markjelke, koleragravplassane på Seim, i Omvikdalen og i Høylandsbygd, den moglege koleragravplassen på Eidsvikøy, samt sogene om gravplassen i fjellet ved Jamtaland og Den katolske kyrkja i Omshagen.

Boka tek for seg ein del historiske fakta om bygdene, kyrkjene og kyrkjegardane, men det viktigaste er å fortelja om nokon av dei som ligg gravlagde der. Her kan du bli litt meir kjend med folk som levde uvanlege liv, folk som døydde i tragediar, folk som sette spor etter seg, folk som levde nøysame liv, og folk som ofra alt for landet sin fridom.

Boka og dei to andre banda kan kjøpast på bokhandelen eller i redaksjonen på Grenda.

Tekst: Pressemelding
Foto: Grenda
Nett: Kristian Bringedal