Kvifor utsetjing ? Kostnader og tidsbruk v/ Lars Martin Feet.
Kva er egentlig hensikten med utsetjing av denne saka ? Her er det leigt inn eit konsulentselskap med eineståande erfaring ifølgje deira eigen nettside. Dei har fått i oppgåve å utarbeida analysar og rapportar på vegne av gjeldande lovverk Dette har dei tydelegvis ikkje fått til. Det kom tydeleg fram på møtet i går kveld. Konsulenten klarte knapt å svara på noko som helst. Skal saka utsetjast, fordi dette skal gjerast ein gong til. Kven skal dekka kostnaden. Dessutan går det med tid. Ingen klarte heller å svara Thor Inge Døssland då han spurde om kvifor vedtaket frå 2020 ikkje er fylgt opp.
Lars Martin Feet
Tekst: Lars Martin Feet Nett: Kristian Bringedal