Den årlege Målblomen vert tildelt ei verksemd som over tid har synt positiv vilje og evne til å bruka målforma nynorsk. Tildelinga er på mållaget sitt årsmøte onsdag i denne veka, kl. 19.00 på Stemneplassen. Desse verksemdene frå Uskedalen har sidan fyrste tildeling i 1999 motteke Målblomen: Uskedal Trelastlager, Hjønnevåg, den gongen advokatfirma Handeland/Døssland, SPAR og Festidalen. Årsmøte gjer vedtak etter innstilling frå styret.

kb