Oppdatering.

Etter kvart som utviklinga går på fram, er det også noko som ikkje blir i bruk lenger. Dette må ikkje bli ståande til forfall. Det er svært lite fint og gjev eit særs dårleg inntrykk.
Kvar gong eg kjører opp dalen, legg eg merke til ei ubrukt linje som heng og sleng like ved vegen ved Blåhaug på Haugland. På det lavaste er linja berre vel ein meter over bakkenivå. På plassen er det også ein viktig møteplass i den litt uoversiktlege svingen. Denne møteplassen kan framleis mindre bilar utan takboks nytta seg av, men større bilar og andre store kjøretøy vil koma i konflikt med kabelen. Dermed kan den også skapa tryggleiksproblem i trafikken.

Det er ikkje noko fint syn!!! På toppen av det heile ser vi at kabelen endar nokre stolpeavstandar lengre oppe på Haugland. Der heng enden på kabelen og sleng ut i ingenting ned langs ein stolpe og er til ingen nytte!!!

Her heng enden på kabelen og sleng ned langs stolpen. Kva nytte gjer den??

Det er sjølvsagt at denne skjemmande linja burde ha vore fjerna for lengst. Det gjeld også andre linjer som ikkje er i bruk. Det er heller ikkje fint når stolpar står på “halv åtte”. Også dette minnar om forfall. Dette ser vi mange stader, og sidan vi skriv om linjene på Haugland, er det eit iaugnefallande eksempel midt oppå bakkane på Gravene.

Dei som har ansvaret må på banen og rydda opp etter seg!!

Oppdatering: Vi har fått opplyst at det er Telenor som eig stolpane og linjene på Haugland. Det er Telenor som er ansvarlig for sanering av det gamle koparnettet. Dette blir stortsett sanert telesentral for telesentral. 
Etter det vi får opplyst er det Eltel Networks som står for drifta av Telenor sitt nett i vårt område.
Det blir teke kontakt med Telenor om saka.

Som ein parallell ser eg med gru fram i tid dersom vi skulle få vindturbinar. Kva vil då skje når dei ein dag ikkje er i drift lenger??!!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland