Måndag 6. desember vert soldatar og befal i Heimevernet inviterte til å vera med på “uniform på jobben-dagen”. Tiltaket var nytt i fjor og målet er å synleggjera kva HV står for i Noreg. Meir enn 40 000 soldatar og befal frå alle samfunnslag og frå alle yrkesgrupper har høve til å visa seg fram denne dagen. Tor Vidar Sæle, områdeleiar i Kvinnherad, og mange andre er aktuelle kandidatar til å ta på seg uniforma på måndag.

kb