Uskedal Båtlag spør om kven som er eigaren til båten på bilete. Ingen kjenner så langt til kven som eig eller har lagt båten på denne plassen. Båten har to reg.nummer, truleg eit gamalt og eit noko nyare. Trass dette let det seg ikkje gjera å finna eigaren. Båten ligg på plass 43 og har blitt lensa mange gonger. Båtlaget har sjekka, men det er ikkje gjort funn i Småbåtregisteret. Dersom nokon har informasjon, meld frå til styret. Reg.nummer er: RAZ 860 eller R- 55180.

Tekst/foto: Uskedal Båtlag
Nett: Kristian Bringedal