Kvartetten ÆRE hadde eit ærefylt oppdrag i pinsehelga då dei song på den årlege misjonsstemna til Misjonsaliansen på Fjelberg. Misjonsaliansen vart skipa i 1901 av Ludvig Eriksen. Eriksen sleit med den psyiske helsa og fekk eit opphald i prestegarden på Fjelberg på 1880 talet. Med betre helse sette han igang med misjon, fyrst i Kina, seinare i mange land. Målet er å skapa eit betre kvardag for fattige menneske. I dag handlar det mykje om det som vert kalla mikrofinans, skapa eit økonomisk fundament for småskala næring lokalt, i tillegg til forkynning, skule og helse.

Caroline af Sand på sin kystseglas til Trondheim med verdikista.

Kvartetten ÆRE ved sin musikalske leiar Eva Megyesi song i gudstenesta og på ettermiddagsmøte i den 300 år gamle Fjelberg kyrkje. Ein fekk også vera med på å vinka farvel til seglskuta Caroline af Sand på sin kystseglas frå Moster til Nidaros med verdikista ombord. Turen denne dagen gjekk frå Fjelberg til Fana.

Tekst/nett; Kristian Bringedal
Foto: Øystein Hellesøy/Kristian Bringedal