Gong på gong kjem saka om gang- og sykkelveg og trafikktryggleik Uskedal bru – Steinsletto opp i media, både i aviser og på nettet. No sist er dei som bur langs vegen oppteken av brot på trafikkreglane med høg fart og råkøyring. Uskedalen.no har ved mange høve høve hatt denne saka framme på nettsida. No vert det spurt: Kva parti vil fronta saka og få parsellen inn på prioritert liste.

I valprogramma til siste kommuneval vart de skrive generelt om trafikktryggleik, nokre strekningar var lista opp for tiltak. Gang- og sykkelveg frå sentrum til Steinsletto var ikkje nemnd. Andre prosjekt som Lundsbakkane i Omvikedalen og Kaldestad, som heller ikkje var på prioriteringslista, er komen på plass og vert prosjektert. Gang – og sykkelveg i Herøysundet er planlagd og klar for oppstart.

Gang- og sykkelveg til Steinsletto er avgjerande for utvikling og vekst langs Fylkesvegen 48 ( 500 ). Dette gjeld både for dei som bur på denne strekninga, men også for næringslivet og etableringar på Børneset.

No spør vi på nytt: Kven vil ” ta ballen” og fremja sak om planstart for gang- og sykkelveg til Steinsletto og dermed sikra trafikktryggleiken på denne strekninga.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal