Skal nettsida vår uskedalen.no leva vidare, må vi ha hjelp. Vi ynskjer at alle laga i bygda har ein eller fleire som kan bidra med saker til nettsida. Vi ynskjer og at dei ansvarlege kan publisera sakene sjølv. Vi lagar difor til eit kurs, i Gamleskulen onsdag 16.oktober kl 19.00. Der vil vi få innføring og ein gjennomgang. Alle får prøva seg på eigen laptop. Difor: Ta med med laptop/bærbar pc. Kursleiar er Hans Ordin Østebø.

Helsing
Uskedal Utvikling

Tekst: Gunn Mari Moberg
Foto/nett: Kristian Bringedal