Kunstutstilling med Gaute Haugland og Kjell Musland komande helg.
Lørdag og søndag kl.12-16.
Endeleg kan kvinnheringane få oppleva utstilling der dei to kunstnarane Gaute Haugland og Kjell Musland er saman. Det skjer i Gamleskulen i Uskedalen helga 18. og 19. mars. Begge er nokre meistrar i forming av tre, men Gaute er også svært dyktig i arbeid med andre materialar. Det er Uskedal Utvikling som står bak utstillinga med dei to kunstnarane der det også er lagt opp til kafè slik at gjestene skal kunna ta seg god tid og kosa seg skikkeleg.
Gaute Haugland er velkjend for dei imponerande og store veggmaleria han har laga med sprayboksane sine. Dei finn vi både i Kvinnherad, nabokommunane, Bergen og på Vestlandet elles, – både utandørs og innandørs i store rom. Denne gongen er det ikkje desse maleria som er i fokus.Gaute er ein svært allsidig kunstnar og gjev uttrykk for kreativiteten og dugleiken sin ved bruk av ulike teknikkar og materialar. For nokre veker sidan vart endeleg noko av dette presentert for publikum då han hadde ei imponerande lampeutstilling i Galleri L i Bergen. Der blei han presentert som Norges fremste lampekunstnar. Til utstillinga i Uskedalen tar han med seg dei flotte lampane sine, men han har meir å by på.
– Ja, eg skal ha med lampane i alle fall, og så tar eg med nokre maleri og litt forskjellige småting som eg har laga. Litt artige ting, seier han beskjedent om den spennande produksjonen sin.
Kjell Musland er velkjend for treskulpturane sine. Siste åra har det kanskje vore aller mest fokus på større figurar som er utforma med reiskapar som motorsag og vinkelslipar. Han er også ein meister med spikkekniven etter utallige timar der han har skore ut artige karikaturar og dyr. Humor er alltid framtredande i karikaturane gjennom ansiktsuttrykk og kroppshaldning. Nokre kan også kanskje kjenna seg igjen? Han har med seg ei flott forsamling til utstillinga i Gamleskulen.
Kjell Musland er godt kjend, ja, vi kan vel seia «over det ganske land». Han kan m.a. sjå tilbake på fem turar til Nordkapp med hurtigruteskipet MS «Gann» der han har demonstrert kunstene sine.
Kjell er full av lovord om utstillingskollegaen sin som han meiner har vore altfor lite framme i ljoset.
– Det er på høg tid at folk får sjå alt det fantastiske han lagar. Det er ikkje berre kreativt og artig. Det er så flotte arbeid, og han er så nøye i alt han gjer, seier han beundrande. Når eg høyrer det han fortel, gler eg meg stort til å sjå utstillinga.
Det er Uskedal Utvikling som står bak utstillinga til dei to utflytta uskedelingane. Den vert open fire timar både laurdag og søndag. Til opninga laurdag blir det eit særs spennande musikkinnslag. Den banden bør de nytta høve å høyra. Det er i alle fall første gongen dei opptrer saman. På opninga blir sjølvsagt også dei to kunstnarane med i tillegg til representantar for Uskedal Utvikling. Dei har også tenkt på at gjestene skal kunna setja seg ned, roa av og kosa seg. Verkeleg nyta stunda! Derfor har dei fått Liv Astrid Myhre til å styra kafè. Vi veit at ho kan det med mat, og denne gongen har ho nydeleg krema kyllingsuppe med focaccia som ein del av menyen.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Thor Inge Døssland og privat