Gaute Lund blir å høyre på møte i Rosendal 17.oktober. Kvinnherad Senioruniversitet hadde temaet kunstig intelligents oppe også i februar i
år. Professor Ragnar Fjelland snakka då om kva datamaskinene kan gjere og kva gjer dei med oss. Han er filosof og trakk linene langt tilbake og dvelte ved ei samanlikning mellom datamaskiner og den menneskelege hjerne og natur.


Kunstig intelligens (KI/AI ) er i vinden som aldri før. Gjesten vår denne gongen er datagründer og seniorkonsulent frå “iteam”, Gaute Lund. Han er også kjend som ei fargerik stemme i lokalpolitikken og ein framifrå pedagog. – Det skjer så mykje, så raskt på dette feltet no at det er svært spennande og krevjande å følgje med på, seier Gaute. Han seier at han vil sjå på kvar denne teknologien kjem frå. Kvifor er det så veldig i vinden for tida? Kva er det siste nye som skjer og kva kan kome i nær framtid? Kva vil det bety for oss vanlege kvardagsmenneskje? Han lover ein del tips
og triks og vil svare på spørsmål frå salen. Me gler oss!


Etter føredraget vert det som alltid, sosialt samvere og enkel servering i foajeen. Senioruniversitetet er ope for alle som har lyst og høve til å møtast om eit aktuelt emne, på ein torsdag føremiddag.


PS. Møtet med forfattar og journalist Agnes Ravatn 19.sept. , måtte dessverre avlysast grunna sjukdom. Me har lukkast å få ein ny avtale med ho på møte i Rosendal 20.mars i 2025.

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal