Gode kandidatar frå Uskedalen.

Alle kjenner til Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad gjennom alle dei store og viktige gåvene dei to gonger i året gjev til lokalt frivillig arbeid.
Kvart år kan kundane i Sparebank 1 SR-bank (har innskot større enn 2500,-kr) med adresse Kvinnherad vera med og velja medlemmer til generalforsamlinga i stiftinga.
Årets val føregår torsdag 28.04. kl.18.00 Sparebank 1 SR-bank sine lokale på Husnes. Det skal veljast 4 medlemmer og 7 varamedlemmer til generalforsamlinga som totalt består av 18 medlemmer og 9 varamedlemmer.
Mellom dei 11 kandidatane valnemnda føreslår, er det to særs dyktige og aktive uskedelingar, Klara Bakke og Steinar Haugland.
Bildet viser turvegen til Skårhaug som er eitt av prosjekta stiftinga har gitt gåve til.

Begge dei to kandidatane er kjende aktivum i Uskedalen. Klara har vore aktiv på mange felt. Vi hugsar henne m.a. som ei drivkraft i dei aktive Aktivitetshusets Damevenner, seinare Damevennene. No er ho svært sentral i det gode arbeidet i Uskedal Helselag og i Kvinnherad Ettersøkslag. Steinar Haugland er, og har vore, svært aktiv innan svært mange felt. Vi nemner berre Festidalen, Fjellhaugen skisenter, “Gull av grus”, det meste innan idrettslaget, ja, han er ein dugnadsmann som bidrar innan mange felt. Det er to dyktige JA-personar som stiller til val her frå bygda. Medlemmene i generalforsamlinga blir valde for 4 år, varamedlemmene for eitt år.

I noverande generalforsamling er Kjell Yri medlem. Han er også leiar av valnemnda. Magnhild Haugland er med i sryret som består av 4 medlemmer samt eit fast møtande varamedlem.

Desse er kandidatar frå valnemnda til valet til generalforsamlinga på torsdag:

  • Anne Elisabeth Enes, Ænes
  • Arne Langeland, Husnes
  • Steinar Haugland, Uskedalen
  • Laila Merethe Haukanes, Varaldsøy
  • Yngvar Skarveland, Sandvoll
  • Stine Hatteberg, Rosendal
  • Bjørn Røssland, Husnes
  • Julie Kambe, Valen
  • Klara Bakke, Uskedalen
  • Oddmund Røssland, Husnes
  • Ann Kathrin Røssland, Sunde.

Alle kundar, busett i Kvinnherad, kan altså delta i valet. Ved valet i fjor blei Inger Johanne Hauge, Rosendal, Jørn Hjelmeland, Seimsfoss, Jannicke Næs Sundal, Mauranger og Lilli Britt Urheim, Ølve valde inn i generalforsamlinga.

De finn meir info om både styret, generalforsamlinga og meir til på www.kvinnheradstiftinga.no

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto: Kristian Bringedal