Kvinnherad Breiband er eit selskap i vekst. Dei har nådd målet med å sikra seg kunde nr. 5000. Det vart Kvinnherad Vekstbedrift sitt nye vaskeri på Brekketoppen i Uskedalen. Tysdag i denne veka var tilsette inviterte til markering med kake, helsingar og deklamasjon av Arne Torget. Sidan oppstarten av Kvinnherad Breiband i 2003 har verksemda bygd ut breiband som er tilgjengeleg for 99 % av innbyggjarane i Kvinnherad. Hausten 2021 kom Skorpo med og 15 – 20 kundar er alt kopla opp. Snilstveitøy står for tur hausten 2023. Markeringa på Kvinnherad Vekstbedrift fekk ei god mottaking og Arne Torget sitt dikt, skrive for denne hendinga, kjem i glas og råme.

Arne Torget frå Kvinnhaerad Breiband saman med nokre av dei tilsette på Kvinnherad Vekstbedrift.
Tekst/nett: Kristian  Bringedal
Foto: Kvinnherad Breiband