Kumlokket i vegbanen vert utbetra.
Eit kumlokk i vegbanen på Fylkesvegen har i lengre tid vore ustabilt og til stor ulempe for trafikantane. Naboane har vore plaga med støy for kvar bil som passerer. No er MESTA på plass og utbetrar skaden. Nytt lokk med pakning kjem. Etter det vi kjenner til, skal det vera sett sett i ordre. Både kumlokket og fartshumpen har vore ei gjengangarsak på uskedalen.no. No ser det ut som det går mot ei betre og meir varig løysing.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal