
Kulturskuleelvar frå Uskedal er med på nyskapande formidlingsprosjekt på Baroniet.
Baroniet går nye vegar i si historiske formidling. Det vert mellom anna gjort ved å bruka romma og interiøret på slottet. I denne veka vert der gjennomført eit givande, kjekt og meiningsfullt samarbeid med Kvinnherad kulturskule. Målet er å skapa formidlingsglede, identitet og tilhøyrsle.

Fire elevar på drama, blås og gitar frå Uskedalen er så heldige at dei får vera med på framføringane. Lærarane som er med er Maria Malmsten på teater/ song. Ho har laga manus og har ansvaret for all regi. Silje Dyrseth er inspektør og koordinator. Koshiwayi Dabuneti er danselærar. Yuko Shuto er pianolærer. Ingvald Tingvold Nilsen-Nygaard er gitarlærer. Nicholas Hughes er på blås

Bileta her er frå prøven på måndag. Prosjektet held fram i morgon med tre framsynkingar for seks 6. klassar frå ulike skular.

Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Privat