Kommunedelplan for kulturminne 2021 – 2032 er lagt ut på høyring med frist innan seksm veker til å koma med merknader og innspel. Planen med tittelen Syn for slikt, er eit politisk dokument som er styrande for kulturminnearbeidet i Kvinnherad kommune i åra framover. Eit handlingsprogram i 17 punkt fortel kva som er prioritert i den fyrste fireårsperioden.

Eit kulturminne er menneskeskapt. Det kan t.d. vera ein gamal steingard.

Kulturminne i Uskedalen som t.d. Bygdetunet Rød, Bøkkerverkstaden, Haugland skulemuseum og Kapteinsgården, er omtalt i planen. Vi finn likevel ikkje noko konkret om desse kulturminna med omsyn til forvaltning og drift. Mellom dei 17 punkta i Handlingsprogrammet finn vi ikkje noko om at kommunen bør ta vare på sine eigne kulturminne som til dømes museum i kommunal eige. Det næraste vi kjem noko med relasjon til Uskedalen er tiltaket Stadnamn, registreringar og rettingar. Det er positivt. Kvinnherad Sogelag med Audun Eik som leiar har vore ein pådrivar for å få dette med i planen.

Gjestebod har vore ein arbeidsmetode for å fanga opp kva som rører seg i bygdene. Eit såkalla Gjestebod sende fyldig dokumnetasjon over aktuelle kulturminnetiltak i Uskedalen. Innspela frå Uskedalen er lite synlege i planutkastet.

Fartyvern i Vågen på Skorpo er levande kulturminne i bruk.

Planen ligg ute til høyring i seks veker. Alle, privatpersonar, lag og organisasjonar, har høve til å senda merknad. På det neste møte i Arkiv-og kulturhistorisk gruppe vil det bli informert om Kulturminneplanen. Du finn meir på Kvinnherad kommune sine heimesider.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Siv Framnes/Kristian Bringedal