Kua Rosa fekk toppskår for beste jur på digital utstilling.
Kua Rosa til Hans Reidar Kjærland har vore med på landsdekkande årleg digital ku-utstilling i regi av Geno. Bedømminga vert presentert dagleg på deira eiga heimesida no i desember. Alle kan delta med ei ku kvar. Kravet er tre bilete av ku og jur. Geno stiller med 3 proffe dommarar som bedømmer kua. Dei gjev poeng etter dei same reglane som for vanleg ku-utstilling.
Hans Reidar Kjærland er godt nøgd med bedømminga. Det er svært sjeldan at ein oppnår 5 av 5 poeng for jur slik Holstein kua Rosa fekk no i desember. Kua blei med det kåra til beste jur i 2024. Den same kua fekk 7,5 poeng for kropp og bein. 40 kandidatar var med i vurderinga.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Hans Reidar Kjærland