Kroka Eigedom AS kjøper motellet Maram Eigedom i Rosendal.
Frå 10. juni var Hanne og Oddbjørn Kroka i Kroka Eeigedom AS frå Uskedalen ny eigar av motellet Maram Eigedom i Rosendal. Kroka vil halda fram med utleige slik det har vore dei siste åra. Mange kjenner bygget frå den tida Olav Aurvoll og seinare Knut Hass gav ut avisa Grenda. Her var både trykkeri og redaksjon. Det var elles kontorlokale i deler av bygget. Mange minnest då skulekontoret var plassert der, før det nye Rådhuset var på plass. Kroka fortel i samtale med Grenda at han vil driva med utleige, både på kort og lengre basis. I vinterhalvåret vil dei ta ei oppussing og gjera nokre oppgraderingar. Frå før eig Kroka Eiegedom Rosendal hyttetun.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal