Kristian Helgesen ( 48 ) frå Uskedalen er ein av ni søkjarar til kommunal stilling som rådgjevar i avdeling for Samfunnsutvikling. Helgesen er i dag tilsett i den same verksemda, med mellom ansvar for idrett og friluftssaker. I utlysinga kjem det fram at stillinga er utforma og tenkt for nokon som brenn for samfunnsutvikling og berekaftig verdiskaping. Den som vert tilsett i denne stillinga, må jobba tverrfagleg med planar og saker, alt frå bibliotek til miljøretta helsevern, frå reguleringsplanar til frivillig arbeid. Wermund Vetrhus, også frå Uskedalen, er søkjar til den same stillinga. Bilete syner Kristian Helgesen i familien sin gavlabåt, rigga for segling.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal