
Krigshistorisk hefte sel godt - Lars Børge Sæberg kjem til Uskedalen på Frigjerngsdagen 8. mai.
Krigshistorisk hefte, skrive av Lars Børge Sæberg, sel god. Salstalet har alt passert 100 hefte. Nytt opplag er tinga. Hefte på 24 sider har tittelen: Hardangerfjord Sjøforsvarsavsnitt og kampane i Kvinnherad 1940. Forfattaren er fagmilitær med befalsutdanning frå Luftforsvaret.
Til uskedalen.no fortel Lars Børge at han har motteke gode tilbakemeldingar frå dei som er interesserte i andre verdskrigen. Dette er hendingar som har vore tekne altfor lite fram i ljoset. Fleire av dei, som har kjøpt heftet, har hatt fedre eller onklar som var med. Dei har fått tilbod om omvising dersom dei nokon gong kjem på desse kantar.
Uskedal Historielag i samarbeid med Uskedal Friluftslag vil markera Frigjeringsdagen 8. mai. Det same vart gjort i fjor, då med merksemd på krigsseglarane og Torger Olsen Feet frå Tresshaugen. I år er det 80 år sidan freden i 1945. Etter samling ute ved krigsminnesmerke, der det også vert innslag ved Uskedal Musikklag, vil Lars Børge Sæberg fortelja og syna bilete frå kampane i Uskedalen 18. – 20. april 1940.
Meir om Frigjeringsdagen 8. mai kjem i eigne innlegg seinare.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal