Førelesinga til Sigurd Vikøren vil handla om ei reise i spenninga mellom kraftutbygging og nasjonalpark, mellom elektrisk kraft og vassdragsvern, mellom 420 kV kraftlinjer og nasjonale kulturminne. Sigurd Vikøren har skrive boka om Hattebergvassdraget og Folgefonna nasjonalpark som han har jobba aktivt med i snart 50 år. Han har og skrive boka om Folgefonnanlegga – «Det kvite gullet» på oppdrag frå Statkraft. Han vil koma inn på den tragiske skredulukka i januar 1970. Jan Vivelid frå Uskedalen var med på denne hendinga. Han hadde ein sentral rolle i å varsla bygda og leiinga om ulukka.

Sigurd Vikøren har skrive boka Det kvite gullet på oppdrag for Statkraft.

Det er difor eit  spennande, viktig og konfliktfylt tema som  står på menyen til Senioruniversitetet 13. februar, i Husnes Kulturhus.

Sigurd Vikøren er udanna typograf og har i mange år drive eiga grafisk verksemd Prinfo Media. I 20 år har han vore mannen bak produksjonen av Hardangerfjordmagasinet. Det siste er lokalt fjernsyn med Plassa-podden.

Etter førelesinga vert som vanleg matøkt og sosialt samvære. Deretter er det årsmøte, ope for alle medlemene.

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal