Frammøte på Solidartitetskonserten torsdag i førre veke var ikkje det beste. Likevel kom det inn tilsaman kr. 11.000,- på VIPPS og konstantar til THK stifelsen i Haugesund. Dagleg leiar, Vidar Akselsen, takkar for gåva og er imponert over arbeidet som vert gjort i Kvinnherad med innsamling og økonomisk støtte. Akselsen sa i helsinga si til konserten at no er det mest naudsynt med innkjøp av mat og medisiner. Dei som ikkje hadde høve til å vera i Aktivitetshuset torsdag, kan støtta aksjonen ved anten å bruka VIPPS 84346 eller konto 3361.10.25756. Bilete er frå innlastinga før avreise til grensa Polen/Ukraina.

Tekst/foto/ nett: Kristian Bringedal