Koseleg stund i Vonheim med årsmøte og bingo.
Det vart ein gild ettermiddag i forsamlingshuset Vonheim i dag. Bingoen gav inntekter til drift av huset. Pianoet, ei gåve frå Janne Olsson, vart teke i bruk. Svanhill Haugland gav tonefylgje til tekstar henta frå Sørås si songbok. På bilete på topp ser vi heldige vinnarar på bingoen, Franciszek og Ignacy, som bur på Klammeren. Etter årsmøte med val finn vi desse i styret:
- Svanhill Haugland
- Monica Antonsen
- Møyfrid Kristoffersen
Tekst/foto: Styret Nett: Kristian Bringedal