Korseminar i Helgheim - ladar opp til Korkafe i morgon kl. 18.00
Det årlege korseminaret i Røysterett for Alle vert gjennomført denne helga. Saman med seg har dei Husnes blandakor. Tilsaman 45 glade songarar øver på repetoaret til jul. I tillegg kjem profane songar som skal framførast alt på Korkafe i morgon, 20. oktober kl. 18.00 i Helgheim. Tidspunktet er lagt med tanke på TV aksjonen med innsamling i Uskedalen mellom kl. 16 og kl. 18. Del av overskotet frå korkafeen vil gå til Barnekeftforeningen.
På korkafeen syng kora mellom anna viser av Jan Eggum, Evert Taube og songar av Kjersti Follesø, Per Indrehus, Ola Bremnes. Barnekoret Mama Emmas frå kulturskulen syng, kanons, folketonar, svensk og engelsk popmusikk
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Maria Malmsten