Loddsal og korpsmusikk samlar folk. Det skal ofte ikkje meir til for å skapa stemning i sentrum på ein laurdag i beste handletida. Uskedal musikklag er trufaste i tenesta. Dei har gjort det mange gonger før. Veteranbandet stiller opp med ein folkekjært repetoar. Nytt i dag var soloframføring av Kjell Borge Olsen på klikkertar. Borge Olsen er til vanleg trommis. Med rytme i kroppen brukar han klikkertar, to trepinnar som han slår rytme med.

Loddsal, kaffi, mjølkekaker og korpsmusikk er ei god løysing når ein vil skapa stemning på ein laurdag.

Vi har alle høyrt ordet å klikka, ikkje minst klikk-klakk. Det er eit lydord. Uttale av ordet minner oss om lyden som eit knepp, ein smell eller ein liten svak lyd, til dømes i dørlåsen.

Kjell Borge Olsen har brukt klikkertar sidan han var liten gut på Laksevåg i Bergen. Han har alltid klikertane med i lomma og tek dei fram når det trengst eit uventa innslag for å skapa merksemd og glede i flokken.

Uskedal musikklag, ikkje med full besetning i dag, men med god lyd og eit folkekjært repetoar.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal