
Koronakafe kvar tysdag ut året.
Dersom alt går etter oppsett plan, vert det koronakafe kvar tysdag i hausthalvåret. Uskedal Helselag har søkt og er tildelt midlar til dette tiltaket. Koronakafe i Gamleskulen er open for alle, men ein er pålagd å retta seg etter smitteverntiltaka med handhygiene, avstand og reinhald. Det er ikkje høve å ta mot grupper, slik det ofte var på Kafe Tiaren. Målet med kafeen er å skapa ein sosial møteplass i ei tid med redusert kulturell aktivitet. Bilete syner f.v. Eli Roseth Eik og Aud Isaksen Haugland, vertane på den fyrste kafeen etter oppstarten i haust.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal