To gjestekor saman med vertskoret Røysterett for Alle.

Laurdag førstkommande ligg alt til rette for ei flott korstund i Kvinnherad kyrkje. Røysterett for Alle er vertskap for Strandebarm Songlag og Trengereidkoret. Konserten er resultat av kontakt som blei etablert under songarstemnet i Ulvik. Der deltok også Røysterett, og dirigenten for begge gjestekora, Torgeir Kinne Solsvik, var på konsert med Røysterett for Alle. Han høyrde m.a. at koret song nokre nummer som kora hans hadde brukt, og det var truleg ein kime til å ha meir kontakt dei tre kora imellom. Dermed vart det Kvinnheradstur på dei to kora.
På konserten blir både Trengereidkoret og Strandebarm Songlag dirigert av Torgeir Kinne Solsvik, medan Maria Malmsten direigerer Røysterett slik ho har gjort i meir enn 15 år. Rebekka Attramadal syt for tonefølgje for koret på nokre av nummera.

Konserten startar laurdag 05. november kl.17. Staden er altså Kvinnherad kyrkje, og ein kan betala inngangspengane, 200,-kr, med vipps eller kontant.
Det blir mykje kjend og kjær korsong på programmet denne kvelden. Alle dei tre kora er blandakor.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: utsnitt av plakat