Dugnadsgruppa skriv til kommunen og bed om svar i saka om løyvinga på 1 mill. kr til Bygetunet Rød for rehabilitering. Det føreligg budsjettvedtak på denne løyvinga for å stoppa forfallet og iverksetja tiltak for ei restaurering. Dugnadsgruppa, som er klar for innsats, er urolege og ottast at løyvinga er tapt ved budsjettsaldering. Det er vel eit år sidan Dugnadsgruppa vende seg til kommunen og bad om handling. Det vart også skrive brev til Fylkeskonservator der ein bad om hjelp og støtte i arbeidet med å berga bygningsmassen på bygdetunet. Audun Eik er skrivar i gruppa. I same skrivet bed dei også om fortgang i arbeidet med å fella eit lerketre på Haugland som skal nyttast til nytt slåk på kvernhuset på Rød. Skrivet skal vera registrert på postlista. Uskedalen.no er ikkje kjend med svar eller utfallet av denne saka.

Dugnadsgruppa drøfta viktige kulturvernspørsmål i matpausen sist torsdag.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Siv Framnes/ Kristian Bringedal