Korpsmusikantar frå Uskedalen er på plass i NM i Brass i Grieghallen i helga.
Det er registrert tre korpsmusikantar frå Uskedalen som deltek på NM i Brass i helga. Bilete på topp syner Ebba Hermann Fossli, her som solist på julekonserten i Helgheim med Uskedal Musikklag. Les kven dei er, kva korps dei spelar for og kva tid dei framfører sine nummer.

Håvard Stensletten Eik speler tuba i Fjell Brass. Dei speler i 3. divisjon, og speler fredag kl.18.05. Fjell blir dirigert av Ben Hirens.
Ebba Hermann Fossli speler med Tysnes Musikklag, og dei er heilt oppe i 1.divisjon i år. Ho speler flygelhorn, og det er Yngve Nicolaisen som er dirigent. Tysnes Musikklag spelar lørdag kl.9.59. Ebba spelar fast i Tysnes Musikklag. Ho er også aktiv i Uskedal Skulemusikk, Rosendal Musikklag og Uskedal Musikklag.

Nils Rainer Vågen spelar i år for Hordvik Musikklag. Dei skal spela “The dark side of the moon” av Paul Lovatt Cooper. Hordvik Musikklag spelar i 5. divisjon. Framføringa er fredag kl.15.00. Dirigent er Arian Pedersen.
Tekst: Thor Inge Døssland Foto: Arkivfoto/Grenda - privat Nett: Kristian Bringedal