Tema på møtet er “Konspirasjonsteoriar og deira øydande kraft”
Konspirasjonsteoriane blømer i internettet sin tidsalder. Dei som trur at skjulte krefter ligg bak og trekk i trådane blir stadig fleire. Vår førelesar Øyvind Strømmen har ei samfunnskritisk tilnærming når han tek føre seg dette viktige temaet. Kva er konspirasjonsteoriar? Korleis skal me forstå dette fenomenet? Kvifor er det eit problem? Og korleis kan desse teoriane vere eit symptom på faktiske utfordringar i samfunnet vårt.


Øyvind Strømmen (f.1980), er utdanna religionsvitar og journalist, og arbeider i dag som informasjonsrådgjevar i Kvam herad. Han har skrive fleire bøker m.a. Det mørke nettet og Den sorte tråden om høgreekstremisme, ein biografi om Anders Lange og ei bok om Ungarn.
Hausten 2021 gav han ut boka Giftpillen, om konspirasjonsteoriane si øydeleggande kraft. Denne boka vart i 2021 omtala av Dagens Næringsliv og Bergens Tidende som ei av dei mest lesverdige bøkene dette året. Strømmen er også fylkespolitikar for Miljøpartiet Dei Grøne.


Etter føredraget vert det enkel servering og ein god prat og så held me ÅRSMØTE. Me minner om at samlingane i Kvinnherad Senioruniversitet er opne for alle som har høve til å møtast om eit aktuelt emne på ein torsdag føremiddag.

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal