Vokalensembelet GLIMRAH og trioen MASKROS skal ha konsert i det stemningsfulle Helgheim i Uskedalen laurdag 20. august kl. 18.00. Det vert servert kaffe og heimebakt kaffebrød. Det vert og eit loddsal med gøyale gevinster. Vokalensembelet GLIMRAH har base i Kvinnherad og har sunge saman i snart 7 år. Kunstnarleg leiar er Maria Malmsten. Elles består ensembelet av: Gjertrud Sydnes Furdal, Lene Taranger, Ingvild Toskedal, Lina Frimannslund Storegjerde, Hallgjerd Kofoed Hegland og Sylvie Hjelmeland. ( Sjå bilete over ). Repertoaret for kvelden vert vakre sommarsongar, folketonar, renessansemelodier og populærmusikk.

MASKROS – f.v: Ida Wahl, Frida Tømmerberg og Tiril Eirunn Einarsdotter.


Maskros trio består av Ida Wahl (vokal), Frida Tømmerberg (vokal, fele), og Tiril Eirunn Einarsdotter (vokal, fele og hardingfele). Dei tre venene møttest på musikkstudiet i Stavanger, og fann tonen gjennom den felles interessa deira for folkemusikk. Saman skriv Ida, Frida og Tiril eigne arrangement
og komposisjonar med utgangspunkt i skandinavisk tradisjonsmusikk. Med song og feler som einaste instrument, dannar trioen eit lyst og minimalistisk lydlandskap. Repertoaret vårt består av kjende- og ukjende folketonar og viser, eigenskriven musikk og drikkeviser.

Maskros og Glimrah vil og musisera saman på nokre songar.

Velkomne til konsert, me gleder oss stort!

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal