Konsert med Uskedal skulemusikk
Onsdag 10. desember kl 17 blir det konsert i Helgheim med skulemusikken. Det blir ei hyggeleg stund der me mellom anna får høyre dei fire aspirantane opptre saman med skulekorpsmusikantana for fyrste gong. Programmet er variert – det blir både fellesnummer og nummer i mindre grupper. Alle er hjarteleg velkomne!

Tekst/nett/bilde: Monica Hermann