Konsert med GLIMRAH og MASKROS komande sundag kl. 19 i Dalheim.
Sundag kveld 27. august kl 19 skal Vokalensemblet Glimrah og trioen Maskros ha konsert i stemningsfulle Dalheim i Omvikdal. Repertoaret for kvelden vert folketonar, klassisk og nyare musikk og populærmusikk. Det vert servert kaffi og heimebakt kaffimat, og det blir loddsal med fine gevinstar.
Vokalensemblet Glimrah har base i Kvinnherad og har sunge saman i snart åtte år. Kunstnarleg leiar er Maria Malmsten, og elles består ensemblet av Gjertrud Sydnes Furdal, Lina Frimmannslund Storegjerde, Lene Taranger, Ingvild Toskedal, Sylvi Hjelmeland og Hallgjerd Kofoed Hegland.
Maskros Trio består av Ida Wahl (vokal) Frida Tømmerberg (vokal og fele) og Tiril Eirunn Einarsdotter (vokal, fele, og hardingfele). Dei tre venene møttest på musikkstudiet i Stavanger, og fann tonen gjennom felles interesse for folkemusikk. Saman skriv Ida, Frida og Tiril eigne arrangement og komposisjonar med utgangspunkt i skandinavisk tradisjonsmusikk. Med song og feler som einaste instrument, dannar trioen eit lyst og minimalistisk lydlandskap.
Konserten skal óg haldast som huskonsert på Stord. Laurdag 26. august heime hos Maria Malmsten på Høgestølen 15 kl 17.
Velkomne på konsert, me gler oss stort!
Tekst/foto: Pressemelding Nett: Kristian Bringedal