Konsert i kyrkja onsdag 24. august kl. 19.00. Gjesteartist frå Romania.
Onsdag i denne veka kan du få med deg ein konsert av dei sjeldne. Fløytisten CORINA-GABRIELA ARDELEAN frå Arad i Romania spelar saman med kantor Eva Megyesi. Corina har spela føyte sidan 1976. Ho var ferdig med videregåande studier på musiklinja i 1984. I 1985 møtte ho Eva Megyesi og dei spelte saman i duetten «Modern Duo». Fram til 1990 framførte dei hundrevis av konsertar i mange kyrkjer i Europa.
Frå 1996 har fløytisten Corina vore fast medlem i Arad Symfoniorkester. Konsertar saman med veninna Eva har halde fram i mange år. I 1999 kom dei ut med album 2. Corina har også spelt med andre band, mellom anna
«Lupus Dacus». Frå 2011 til 2013 spelte ho i lag med bandet
«Mario and the teachers» I dag er ho fløytelærer i «College of Arts» Arad.
Kvartetten ÆRE framfører fire salmar.
Inngang: kr. 200,-
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Frå plakaten Sommarkosnert i Uskedal kyrkje