Konsert i Gamleskulen, komande laurdag kl. 16.00
I fjor fekk musikaren Christian Meaas Svendsen kulturstipendet til Kvinnherad kommune, og kvitterer med heile fem konsertar no fyrstkomande helg, frå 12.–14. desember.

I samarbeid med Kyrkja i Kvinnherad vil han halde konsertar i Kvinnherad-, Valen-, Hatlestrand- og Åkra kyrkjer. Konserten i Uskedalen er flytta til Gamleskulen, kl. 16.00.
Christian fekk stipendet for å fordjupa seg i eit tradisjonelt japansk blåseinstrument som heiter shakuhachi. Konserten er berre han og denne fløyta. Han lovar ei meditativ konsertoppleving med ei god blanding av norske salmar og japansk tradisjonsmusikk. Konserten er gratis og varar ca. 40 minutter. Dørene opnar 15 minutter før konsertstart.
Tekst/foto: Pressemelding Nett: Kristian Bringedal