Kongeskipet NORGE gjennom Storsund i kveld.
Kongeskipet NORGE gjekk Storsund i kveld i 19.30 tida, på seglas mot Rosendal. NORGE vert rekna som ein superyacht og har vore kongeskip sidan 1947. Kong Haakon VII fekk skipet som ei folkegåve etter ei kronerulling. Skipet vart kjøpt i England og ombygd til den funksjonen fartyet har i dag. Med den flaggføringa Kongeskipet NORGE hadde i kveld, er det kongelege gjester ombord. Kongeskipet vart helsa med Kongens flagg i Beinavikjo.
Tekst/nett. Kristian Bringedal Foto: Øystein Enæs