Det er så langt uskedalen.no er kjend med fyrste gong det er ei konfirmasjonsgudsteneste i Uskedal Bedehus. Konfirmantane er Jan Åge Sjo Kårstad og Jan Olav Hjelmeland. Markeringa er sundag 23. mai. Det er Uskedal Bedhusforsamling som er formell tilskipar. Med bakgrunn i smittevernreglane er konfirmantgudstenesta berre for inviterte gjester.

Dei som ikkje vert konfirmerte i Den norske Kyrkja, kan veja ulike modellar for konfirmasjon. Det kan vera i regi av ei frikyrkje eller ein misjonsorganisasjon. I Sunnhordland er det mange som føl konfirmantførebuingane i regi av IMS – Infremisjonssamskipnaden. Samlingane er på Stord og sjølve konfirmantgudstenesta er som oftast i Leirvik Bedehus. Konfirmantprogrammet deira har namnet ConTeenNew. I 2020 valde 10 ungdomar denne løysinga. Det er som oftast konfirmantar frå Kvinnherad med i dette konfirmantarbeidet.

Nokre vel konfirmasjon i regi av Indremisjonsforbundet – ImF eller i regi av Misjonssambandet. Konfirmantgudstenesta er som oftast på eit bedhus.

Eit anna tilbod er humanistisk konfirmasjon i regi av Human-Etisk Forbund. Den høgtidlege markeringa er i Kulturhuset Husnes, i 2021 fordelt på to datoar, 8. mai og 25. september. Det er ingen frå Uskedalen i år som føl opplegget til Human-Etisk Forbund. Alle har vald å vera konfirmantar i Den norske Kyrkja med sjølve konfirmasjonen lagt til sundag 29. august.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal